Aktivitetsplan for SFOPå SFO har dei laga plan for aktivitetar fram til sommaren. Nokre stikkord kan vera solfest, småkryp og kunstkafé.
Les meir »
26.01.2012
|
|
Tysdag på FagerliHjelp den kubjølla!
Les meir »
24.01.2012
|
|
Fagerli 2012Endelg var det vår tur til å få reise på leirskule. Vi har gleda oss i fleire år.Fagerli "here we come"!
Les meir »
24.01.2012
|
|
SkulpturverkstadElevane på 4. trinn var i full sving med å laga skulpturar i dag. Her vart allslags figurar forma - både fuglar, fiskar, dyr, menneske for å nemna noko. Mange fingrar var i sving med å bøya metallstreng, for å få akkurat den forma som var teikna på arket. Jammen skal det bli spennande å sjå utstillinga med dei ferdige skulpturane.
Les meir »
11.01.2012
|
|
4. adventsstund 2011Elevane på 6. trinn hadde sett saman eit flott program til siste adventsstunda. Framfor alt var dei flinke å syngja! Og avlutninga med "På låven sitter nissen", som dei song i lag med elevane på 1. trinn, sjarmerte alle.
Les meir »
21.12.2011
|
|
Nytt namn på skulenFrå og med 1. januar 2012 skiftar Os skule namn til Os barneskule. I samband med skulebruksplanen for Os kommune vart namneskiftet vedteke av kommunestyret i juni 2011. De har kanskje alt sett det nye namneskiltet på gymbygget.
Les meir »
19.12.2011
|
|
Siste skuledag i 2011Onsdag 21. desember er siste skuledagen før jul. Det vertavslutning på kvart trinn, og felles adventsstund i gymsalen kl.11.00.
Tradisjonen tru er det 6. trinn som har ansvar for samlinga. Det vert elevinnslag og mykje fellessong. Foreldra til elevane på 6. trinn er spesielt velkomne. Skuledagen sluttar kl. 12.00, og bussene går kl. 12.15. SFO er open som vanleg. 19.12.2011
|
|
Julehelsing frå rektorI år har vi 365 elevar frå 19 ulike nasjonar. Vi er stolte over å ha eit slikt mangfald på skulen med tanke på bakgrunnar, kulturar, interesser og tradisjonar.
Les meir »
19.12.2011
|
|
Lever inn bøker som er lånte på skulebiblioteketDet er fint viss elevane før jul leverer inn bøker dei har hatt lenge. Alle elevane har eige kort på biblioteket og kan sjekka kva dei har lånt.
Les meir »
19.12.2011
|
|
MålformFylkesmannen har i tilsynsrapport kome fram til at Os kommune si organisering av elevgrupper med anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, ikkje er i samsvar med krava i opplæringslova , jf. 2-5 fjerde ledd. Skulen og kommunen skal senda svar til Fylkesmannen rett over nyttår.
Les meir »
19.12.2011
|
|
På besøk i SolbakkestovaElevane på 2. trinn tok sist måndag turen over Moberg og til Solbakkestova. Dei var inviterte av Vidar Bratlund-Mæland. Han har gitt eit lite julehefte med tittelen «God Jul, Kald Kaffi Sauen!» i gåve til alle elevane på 1.-3. trinn.
Les meir »
19.12.2011
|
|
AdventskalenderAlle trinn har denne månaden hatt ein eller annan variant av adventskalender i klasserommet. Elevane på 4. trinn har fått prøva seg på Matematikksenteret sin adventskalender.
Les meir »
19.12.2011
|
|
Nytt om tilsetteInspektøren vår, Kjetil Gulbrandsøy, sluttar på Os skule. Han har takka ja til nye utfordringar ved Kuventræ skule. Vi takkar Kjetil for ein framifrå innsats til beste for både elevar og vaksne desse 15 åra han har arbeidd på skulen. Samstundes vil vi gjerne ønskja han lykke til i ny jobb.
Les meir »
19.12.2011
|
|
Klede heim til julVi ber om at elevane tar med alt tøy heim til jul. Det som ligg att og som ikkje er merka, vil bli sendt til Fretex.
På denne måten får vi rydda i garderobane, og reinhaldarane får vaska skikkeleg. Kom gjerne innom skulen for å sjekka om det ligg att klede etter ditt barn. 19.12.2011
|
|
Graut til alleTradisjonen tru vart det graut på born og vaksne i dag - varma og servert av klassekontaktar på trinna. Og grautpannene vart botnskrapte, trass i at heile 100 kg graut vart servert. Kanskje var det mandelen som skjerpa apetitten? Like etter var det såkalla nisserøris på skuleplassen - og nissen kom!
Les meir »
16.12.2011
|
|
Adventssamling - igjen5. trinn stilte med eit allsidig program på den tredje adventsstunda. Det var utruleg kor mykje dei klarte å få inn på den halvtimen programmet varte. Kjekt er det og at foreldre og besteforeldre som har høve til det, er med på desse adventssamlingane.
Les meir »
09.12.2011
|
|
Fargespill til Os skuleÅ vera heldig kan bety så mangt. Men det passar godt til gåva vi har fått frå tidlegare administrerande direktør i Statoil, Arve Johnsen. Du kan lesa meir om dette på Midtsiden.
Les meir »
09.12.2011
|
|
Adventsstund med Jon BlundJon Blund dukka opp på 4. trinn si adventssamling i gymsalen. Han hadde med seg tre av barnerettane. Elles handla 2. adventsstunda om julekort som Olemann laga og om Lille Lise og julegåva ho skulle gje mora.
Les meir »
05.12.2011
|
|
Vunne tur til Brasil!Os skule er blitt trekt ut som den heldige vinnaren av ei reise for to elevar og ein lærar til Sao Paulo i Brasil. Kvart tredje år får ein av Kolibriskulane invitasjon til ei vekes besøk i Kolibriprosjektet. Kven som skal få reisa frå Os skule, vert avgjort på nyåret.
Les meir »
05.12.2011
|
|
1. adventsstund3. trinn stod for programmet på den første adventsstunda i gymsalen. Dei hadde mykje fint på julerepertoaret sitt - allereie i slutten av november.
Les meir »
25.11.2011
|
|
Kuveninner på "besøk"Det handla om Jorun som er blank i pelsen, Bjøllekua som har fin bjelle, Gullhorn med dei flottaste horna og Berta med dei største jura. Dette fekk 1. - 4. trinn høyra om i dag av Annlaug Auestad, som har skrive og illustrert boka "Kuveninnene".
Les meir »
24.11.2011
|
|
Gøy med besøk!Veit du kven vi har hatt besøk av? Veit du kva som kan skje når du ønskjer deg noko med ein magisk medaljong? Viss du lurer på det, kan du spørja elevane på 6. og 7. trinn. Vi var så heldige å få ein dansk forfattar på besøk som har skrive om nettopp dette.
Les meir »
24.11.2011
|
|
Songstund - om litt forskjelligFullsett musikkrom blir det når nesten 200 elevar møtest til songstund. Tett i tett sit dei og framfører eine songen etter den andre. Dei har fått tid til å øva seg på førehand – og let seg begeistra av bilde på lerretet som følgde med innimellom songane.
Les meir »
20.11.2011
|
|
KantineElevrådet laga til lunsj for elevane på 4. og 5. trinn fredag. Her var det råd å kjøpa litt forskjellig - og tiltaket vart svært godt motteke.
Les meir »
20.11.2011
|
|
Humor i NordenDette er temaet på den nordiske bibliotekveka frå 14.-18. november. På skulebiblioteket les vi frå den artige bildeboka Mustafas kiosk av den danske forfattaren Jakob Martin Strid. Ein gut på 5. trinn imponerte medelevane sine stort i dag med å kunna mest heile boka utanåt.
Les meir »
15.11.2011
|
|
|