Onsdag og torsdag denne veka har me hatt besøk av skuleleiarar frå seks kommunar i Vestfold. Dei har vore rundt om i klassane og sett på undervisning i matematikk. I tillegg har dei vore med i timar på skulebiblioteket. Føredrag har dei og fått med seg.
Inspektørane Geir Bjørkhaug og Kjetil Guldbrandsøy heldt føredrag om matematikkprosjektet ”Rekn med os(s)!” Mykje godt konkretiseringsmateriell og anna utstyr var henta fram for å visa kor viktig det er å ha ei praktisk tilnærming og å variera arbeidsmåtane i faget.
Rektor Anne Fossberg Fristad heldt fram med å ta utgangspunkt i arbeidet med matematikkprosjektet og knytte til teori og praksis omkring organisasjonsutvikling og skuleutvikling. Komplekst kaos eller ka? var til tittelen på hennar føredrag.
”Desserten” meinte skulebibliotekar Annbjørg Dalland at det var ho som stilte med. Ho fortalde om skulebiblioteket som læringsarena og hjartet i skulen.
Torsdagen var også Lill Karin Wallem innom og fortalde om prosjektet frå skuleeigar si side. Ho må kunna kallast primus motor for heile matematikkprosjektet. Det var ho som tok initiativet, skreiv søknad og som har følgt det opp for skuleeigar.
Skuleleiarane besøkte også Hop skole. Studieturen var eit tiltak i prosjektet "Et helhetlig matematisk løp fra 6 til 16 - med fokus på lederrollen."